Årdal ny leiar i Firda
Rolf Årdal er tilsett som dagleg leiar i Firda Media AS. - Eg gler meg, seier Årdal.
Rolf Årdal er tilsett som dagleg leiar i Firda Media AS. - Eg gler meg. Eg ser på det som ein spennande bransje og ein spennande organisasjon, seier Årdal. 43-åringen er busett i Førde og kjem frå stillinga som rektor ved Øyrane vidaregåande skule. Han er utdanna lektor/hovudfagskandidat frå Høyskolen i Buskerud, og har tidlegare hatt leiarstillingar som marknadssjef og avdelingsleiar for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane. Årdal er også styreleiar i Sunnfjord næringsråd. I ansvarsområdet som mediehusleiar inngår også Firdaposten, Nordhordland, Kvinnheringen og Hardanger Folkeblad.  - Eg vurderer jobben som ei stor og spennande utfordring. Eg har ikkje erfaring frå innsida av mediabransjen frå før, så det er fornuftig å starte med å gjere seg kjent med bransjen og dei ulike avisene, seier Årdal.  Kor tid han skal begynne i den nye jobben vil bli avklart i løpet av januar.